“Dommedøgn” av Kjersti Wøien Håland

11. mai 2015

Forfatter: Kjersti Wøien Håland. Originaltittel: Dommedøgn. Innbinding: Innbundet. Utgivelsesår: 2014. Antall sider: 190. Kategori: Roman. Språk: Nynorsk. ISBN/EAN: 9788282880428. Forlag: Flamme Forlag.

I april leste jeg «Dommedøgn» av Kjersti Wøien Håland, og jeg må si jeg er imponert. Kjersti er kun ett år eldre enn meg, men jeg føler hun har kommet så utrolig mye lenger. Hele boken er ren kunst, spør du meg. Den fenget meg fra første side, på en måte aldri en bok har gjort før. Selvom jeg noen ganger synes det er tungt å lese på nynorsk så var det ikke tilfelle her, nynorsk stemte. Jeg vil bare anbefale boken til alle sammen som setter pris på en god roman. Her er litt om boken, skrevet av forlaget:

I «Dommedøgn» følgjer vi  fleire av bebuarane i Berg, blant anna den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ein kvit kanin med raude auge, som også er klarsynt. Eller? Inga, som er ordfører og desperat prøver å få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidler. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman som prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie, som får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient. Dei prøver alle å gje meining til ein eksistens som verkar å ha mista ho, men frå fjellet, ute i fjorden, heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.

Menneske er dyr. Heilt garantert og sikkert. Dei var fisk og før det noko mindre. Dei kravla ut av havet for å sleppe unna dei skarpe tennene der nede, og dei oppdaga ei heilt ny verd. Men eg er sikker på at noko kravla etter. Noko krabba etter den fisken og blei menneske. Men dei var større og skarpare. Dei var haiar, dei har hatt tenner heile vegen. Det er mange, dei aller fleste rundt meg, som er etterkommarar av haiar. – Dette er lenge sidan, og no kan ein vere kva dyr ein vil. Om eg kunne velje, var eg ein hare. Eg kan springe raskare enn nokon, og ingen får tak i meg om det strekker seg ein veg framfor meg. Ein veg som leier til eit hol ein kan forsvinne i. Her eg bur, er det ikkje mykje plass. – Foreldra mine har ikkje stått opp på ei uke. Dei seier dei er sjuke. Dei har berre ikkje noko å stå opp for no. Dei ligg i senga og les Kapitalen til kvarandre med mjuke stemmer. Eg trur det er ei kjærleikshistorie. – Eg lagar mat til dei. Så går eg på skulen. – Eg held eit foredrag for klassen om favorittboka mi. Ho heiter Flukten til Watership. Haiane spør om eg knullar kaninane mine sidan eg er så glad i dei. Dei spør meg korleis eg gjer det, sjølv om eg seier nei. Læraren ber dei vere stille og slutte å forstyrre undervisninga.

 

Previous Post Next Post

Kanskje du også vil like...

4 Comments

  • Carina Behrens

    Jeg har egentlig ikke noe imot å lese på nynorsk, men jeg vet ikke om dette er en bok for meg, men… på den annen måte så blir jeg nysgjerrig.. Hmm. Jeg tror jeg må lese gjennom de 70 bøkene jeg har i hylla først, da :P

    12. mai 2015 at 3:03 pm Reply
    • Caroline

      Det evige dilemmaet, haha. Så mange bøker, så liten tid.

      12. mai 2015 at 3:10 pm Reply
  • Kol

    Hva synes du er temaet i denne boka? :)

    5. januar 2016 at 5:55 pm Reply
    • Caroline

      Nei, si det… Naturkatastrofe?

      5. januar 2016 at 7:41 pm Reply

    Jeg blir superglad for en kommentar!